Kapitaldagen 2021
Program
15 September 2021
Møt gründerane
Bli betre kjent med selskapa som pitchet på Kapitaldagen 2021!
Wattif Solutions AS
Robert Svendsen
Wattif EV tilbyr lading av Elbiler gjennom eigenutvikla hardware og software. Treff Morten, Christer og Robert på Kapitaldagen så får du høyra meir om konseptet vårt.
GreEnergy AS
Svein Tore Torvund
GreEnergy er eit selskap som utviklar teknologi og løysingar for å avgrensa miljøfotavtrykket for industrien. Vår første prosjekt vil vera å gjenvinna metallavfall frå industrien. Vi skal nytta nødvendig teknologi for på best mogleg måte prosessera avfallet slik at verdien blir auka og råvarer blir skaffa.
VirtualHouse AS
Gjermund Tomasgard
VirtualHouse brukar eigenutvikla simuleringsteknologi til å kvalitetssikre programvare i bygg før bygget er bygd.
Akkommod AS
Asle Jonny Førde
Akkommod produserer digitale tenester for å førebygga og forkorta sjukefråvær.
Thalasso AS
Frode Sonstebo
Thalasso bruker autonome dronar og mikro-biorafinerier til høsting og behandling av sargassum; ein invasiv tong som truar den karibiske regionen.
FjordAlg AS
Gabriel Ossenkamp
FjordAlg gjer det rosa i laksen grønt.
Vi dyrkar mikroalger som berekraftig pigmentskjelde til laksefôr.
Keelspot AS
Svein Arild Vatsø
Keelspot skal utvikla ein digital marknadsplass for kommersiell skipsfart som gjer det mogleg å kontrahera eit raskare, miljøvennleg og kostnadseffektivt alternativ.
Ei digitalisering som hjelper alle i næringa med innsikt til å jobba smartare for større utnytting av alle ressursar på ei felles plattform.
PopUp Norge AS
Jannet Aksens
Visjonen til PopUp Norge er å kombinera vertskap, kulturformidling, lokale mattradisjonar saman med urban kokkekunst på ein levande, smakfull og sexy måte.
Sondemat av ekte mat
Heidi Aabrekk
Pasientar med knapp/peg får i dag berre tilbod om syntetisk sondemat.
Forretningskonseptet vårt er å laga næringsrike supper for pasientar utan svelgefunksjon for betre helse og mindre medikamentsbruk.